Vil, at senatet skal tvinga fram flytting av Ambassaden.

Fra Idag.no/
15. januar 2015.
Av Lars-Toralf Storstrand.

Etter at det Republikanske partiet kontrollerer båe husa i kongressen, fremjer senatorene Ted Cruz og Dean Heller, både frå det Republikanske partiet, tanken om å pressa Det Hvite Hus til å flytta Ambassaden til Jerusalem.

Den Amerikanske lova, som blei vedteken i 1995, ratifiserer Jerusalem som hovudstad for Israel, og krev, at USA flyttar Ambassaden frå Tel-Aviv til Jerusalem, som eit teikn på godkjenning av den Israelske lova frå 1980. Lovforslaget «The Jerusalem Embassy and Recognition Act 2015» har òg blitt freista gjenomført i 2011 og 2013, og målet er å pressa Det Hvite Hus’ til å oppfyla sine plikter i følgje lov av 1995, som sa, at USA eigentleg var pålagd å flytta Ambassaden der innan 1999.

Den originale lova inkluderte korsom er, at Presidenten kunna utsetja denne i seks månader om gongen. Dette gjorde både Bill Clinton, George W. Bush og Barack Obama, fordi dei Meiner, at ei ambassadeflytting kan koma til å skade «fredsprosessen» med Palestina-Arabarane. Det nye lovforslaget fjernar korsom er dette høvet for Presidenten.

I lovforslaget står det òg, at alle offentlege Amerikanske dokument skal nemna Jerusalem som Israels hovudstad. Teksten lyder i omsetjing: «USA…godkjenner Jerusalem som staten Israels udelte hovudstad, både de jure og de facto».

Cruz, som kan bli Republikansk presidentkandidat ved neste val, seier, at han vonar at medlemmene i kongressen same kva side dei høyrer heime på, støttar denne viktige lova.

–Det er for lengst utgått på dato, at regjeringa vår eintydig og udiskutabelt erkjenner, at Jerusalem er Israels historiske hovudstad både i ord og gjerning.