Vranglære og forkyndelse.

Fra Misarepta.no/index.html
Av Johannes Kleppa.

Når vi tenkjer på vranglære, tenkjer vi lett på, at ein klart og tydeleg lærer i strid med det, Guds ord seier, slik som fornekting av den evige fortapinga eller aksept av homofilt samliv. Dette er både alvorleg og dagsaktuelt, men for mange av oss ligg nok faren for vranglære på ein annan stad, og då knytt til det, vi faktisk forkynner.

Under overskrifta «Den store testen på kjetteri» vart den Finske teologen Leif Nummela nyleg intervjua i Dagen (9/6) om forkynninga i vår tid, og då særleg forkynninga av Kristi kross. Han peika på, at det er her, vi i dagens åndssituasjon står overfor den store utfordringa. Han er uroleg for, at Krossen og Evangeliet har fått ei svakare stilling i forkynning og sang enn tidlegare, særleg samanlikna med vekkingstidene.

Det kan ikkje vera tvil om, at det er ei rett vurdering. Nummela påpeikar også, at Den Heilage Ande vert skilt frå Guds Ord, «hvilke er alt kjetteris mor». Anden vert skild frå Krossen, og med det får ikkje Anden gjera si gjerning:

«Der, du har mye forkynnelse av Kristus, har du mye av Guds ånd. Der, det er lite forkynnelse om Kristus, har du lite av Guds ånd.»

Når vi skal vurdera forkynninga, inkludert vår eiga forkynning, må det vera ut frå, kva omfang og posisjon, ordet om Kristi Kross har, og med det i kva grad Anden får gjera si gjerning. Dette inneber ikkje ei innsnevring av forkynninga, men det ber i seg ei forkynning av heile Guds råd med det rette tyngdepunktet og den rett orienteringa.

Det er djupast sett den einaste måten, vi over tid kan unngå vranglære på, og virka til sunn lære, sunn forkynning og sunt Kristenliv.