At bestemme sit køn.

Fra Sarepta.no/index.html
Av Johannes Kleppa.

"På toppen av det heile skal den nye lova fungera tankemessig einsrettande, slik at alle etter kvart skal tenkja slik, den nye lova tenkjer – og dette kjem endatil frå ein Høgre-statsråd!"

Regjeringa har lagt fram forslag til ny lov, når det gjeld kjønnsskifte. Det er underleg, at vi i det heile treng ei lov om det. Kjønnet vårt er jo gjeve ved vår fødsel, og kjønnet er i samsvar med den ordninga, som ligg i skapinga. Gud skapte mennesket til mann og kvinne, og med det til mannleg og kvinneleg.

Det, som er enda meir underleg, er, at kvar einskild av oss frå no av skal avgjera om vi er mann eller kvinne ut frå vår kjensler. Helsevesenet skal ikkje ha noko å seia ut frå, at dei sjekkar kroppen vår, for å fastslå dei biologiske fakta om kroppen. I og for seg skulle det ikkje vera nødvendig, at verken helsevesenet eller vår kjensle avgjorde denne saka, fordi naturen sjølv har avgjort det. Alle kan sjå, kva kjønn ein har.

Rett nok er det nokre uhyre få tilfelle, der noko har kome i ulage i naturen, slik at det fysisk eller psykisk kan vera uklart, om ein er mann eller kvinne. Det må ein arbeida med, ut frå den kroppen ein har. Nokre gonger har det då vore naturleg med medisinsk inngrep for å få samsvar mellom kropp og psyke.

No skal kroppen kunna vera som mannskroppen er, men personen skal kunna definera seg offisielt og juridisk som kvinne, ut frå sine kjensler. Det same gjeld motsett veg for folk med kvinnekropp. Det er heile er både tragisk og komisk, samstundes som det er mot naturen og med det destruktivt. Skilje mellom garderobar eller toalett for menn og kvinner, og skilje i idretten mellom klassar for menn og kvinner, vert utfordra.

Dette er ein del av den kjønnsideologien, som ligg i den kjønnslikegyldige ekteskapslova. Som ein fritt skal kunna velja samliv, skal ein fritt kunna velja kjønn. Dette er en del av den postmoderne tenkinga, der det ikkje er noko objektiv og allmenn sanning, men der ein avgjer det heile ut frå eigne kjensler, og kva ein opplever fungerer greiast for ein sjølv.

På toppen av det heile skal den nye lova fungera tankemessig einsrettande, slik at alle etter kvart skal tenkja, slik den nye lova tenkjer – og dette kjem endatil frå ein Høgre-statsråd!