Antikrist.

Uddrag fra Sokelys.com/
31. august 2014.

Bibelen fortel om endetidas supermakt i Daniel 7:23-27.
Frå denne makta kjem og Antikrist til syne. “Så lydde svaret hans: «Det fjerde dyret tyder at det skal koma eit fjerde rike på jorda, eit som er annleis enn alle dei andre rika. Det skal SLUKA HEILE JORDA, trakka henne ned og knusa henne."

 "Dei ti horna tyder at det skal koma ti kongar i dette riket. Og etter dei skal det koma endå ein konge, som er annleis enn dei som var før han. Han skal slå tre kongar. Og han (ANTIKRIST) skal tala mot Den Høgste og fara hardt fram mot dei heilage (ISRAEL) åt Den Høgste. Han skal setja seg føre å endra tider og lover, og dei heilage skal gjevast i hans hand éi tid og tider og ei halv tid (3,5 år)."

"Då skal retten setjast. Herredømet skal takast frå han; det skal knusast og gjerast til inkje for alltid. Kongedømet og veldet og makta i rika under himmelen skal gjevast til det folket som er dei heilage åt Den Høgste. Deira rike skal vera eit evig rike, og alle makter skal tena og lyda dei.»

1000-årsriket kjem, når denne grusomme makta vert slått og Antikrist vert drepen ved pusten frå Herrens munn. Paulus siterer direkte frå GT når han seier: “For fyrst må fråfallet koma og Den Lovlause (ANTIKRIST) syna seg, han som endar i fortaping, han som står imot og opphøgjer seg over alt det som menneske kallar gud og tilbed. Ja, han set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud.” 2 Tess 2:3-4.

Antikrist set seg i Jødane sitt gjenoppbygde Tempel på Tempelhøgda. Han utropar seg til gud.

Antikrist kjem slik Åp 17:9-11:
“Her trengst det både vit og visdom. Dei sju hovuda er sju høgder, og på dei sit kvinna. Og dei er sju kongar: Fem av dei er falne, éin er no, og éin er enno ikkje komen; og når han kjem, skal han halda seg berre ei lita stund. Dyret som var og ikkje er, det er sjølv den åttande, men på same tid ein av dei sju og går sin undergang i møte.”

Dyret eller Antikrist er ein bestemt person. Han har utallige namn i Skrifta. Heile jorda vil UNDRA SEG, når dei ser denne personen, som har styrt FØR, koma tilbake.

“Og dei som bur på jorda, og som ikkje har fått namnet sitt skrive i livsens bok frå verda vart grunnlagd, dei skal undra seg når dei ser dyret som var og ikkje er, men som skal KOMA ATT." Åp 17:8.

Vesten treng ein sterk person, som tek eit oppgjer med Muslimane, og som hjelper Israel. Det står om den svikefulle handlinga, Antikrist begår mot nasjonen Israel i Salmane 55.

“Fienden legg hand på SINE VENER, skamlaust bryt han si pakt. Hans tale er sleipare enn smør, men i hjarta tenkjer han på strid. Hans ord er mildare enn olje,..” Salm 55:21-22.

“Det er ikkje ein fiende som spottar meg – det kunne eg nok tola, ingen uven som audmykjer meg – då ville eg gøyma meg for han. Nei, det er du, min likemann, min gode ven og kjenning, – vi som hadde det godt i lag og gjekk i festtog til Guds hus. Lat døden koma over dei, lat dei levande fara til dødsriket!” Salm 55:13-16.

Babel-kongen fell
"Den dagen Herren lèt deg kvila frå ditt strev og di uro og frå det harde trælearbeidet som vart lagt på deg, då skal du syngja denne spottevisa om Babel-kongen: Sjå, no er det ute med valdsherren (ANTIKRIST), no er det slutt på hans VILLE FRAMFERD! Herren har brote sund staven åt dei gudlause, styrarstaven åt TYRANNANE, som RÅKA FOLKESLAG I HARME og aldri heldt opp med å SLÅ, som TVINGA FOLKET UNDER SEG I VREIDE og FORFYLGDE DEI UTAN MISKUNN. Heile jorda har fått fred og ro, folk set i med fagnadrop:" Esaj 14:3-7.

"Det var du som tenkte med deg: «Til himmelen vil eg stiga opp; høgt over Guds stjerner reiser eg min kongsstol. Eg tek sete på tingfjellet lengst i nord. Eg vil stiga opp over dei høge skyer og gjera meg lik Den Høgste… Dei som ser deg, stirer på deg, undrast og seier: «Er dette den mannen som skok jorda og fekk kongerike til å skjelva, han som gjorde verda til ei øydemark, la byar i grus og aldri lét fangar få fara heim." Esaj 14:13-14 og 16-17.